6. Desember og julebakst :)

I går hadde eg ein herleg og roleg bakedag :)
Sleit litt med å bestemme meg for kva eg skulle lage, men enda på Brune Pinnar.
Og resultatet vart ikkje så verst (...om eg kan seie det sjølv?) :)


Eg ser ein del kjem inn på dette innlegget etter å ha googla "julekaker",
så her er oppskrifta eg brukte - dersom nokon er på jakt etter den.

Brune Pinnar (Sjokoladestenger):

Du treng:
200 gr smør
200 gr brunt sukker
1 eggeplomme
1 ss sirup
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
ca 300 gr kveitemjøl
4 ss kakao
2 ts kanel

(og ev. 1 eggekvite og perlesukker eller hakka mandlar til pynt.)

Framgansmåte:
Rør smør og sukker til det skummar.
Tilsett resten og rør saman.
Del i tre, rull ut,
legg på steikeplate(m/bakepapir) og trykk ut.

Om ein ønsker kan ein pensle med litt eggekvite
og strø på perlesukker eller hakka mandlar.

Steikast på 175 grader i ca 10-12 minutt.
Eg likar dei best når dei er litt mjuke i midten.

Skjær dei forsiktig på skrå medan dei enda er varme.

0 Kommentar/ar Skriv ein kommentar: