15. Desember og (nye) juletradisjonar :)

For eit par år sidan kjøpte mamma Oliver Twist på DVD. Vi brukte juledagane til å sjå heile serien. Og suksessen vart gjenteken i fjor jul, då hadde ho kjøpte inn to DVD-boksar med fleire seriar av Charles Dickens.

Jula i fjor var litt annleis enn tidlegare, sidan det berre var eg av søskena heime. På Julekvelden satte difor mamma, pappa og eg oss godt til rette i sofaen og såg film i lag. Utruleg koseleg! :)

Eg nemde i eit tidlegare innlegg at eg er veldig glad i tradisjonar. Dette gjeld både dei gamle og dei "nyare" tradisjonane. Denne jula er det mellom anna Johan Barnevandrer som står på programmet, men kanskje ikkje akkurat på julekvelden, den vert nok meir tradisjonell på gamalt vis i år. :)

Har du nokon juletradisjonar du gler deg spesielt til? :)


Jula 2010 :)

3 Kommentar/ar Skriv ein kommentar:

Herr og fru sa...

Eg har pakka kjole til julafta.. Er det heilt feil eller? Svigerfar kjøre t-skjorta ser eg??;)

Anne Severine sa...

Haha, ikkje feil med kjole, det skal eg og ha :) Og det skal nemnast at pappa hadde skjorte før på dagen altså ;)

Røsslyng sa...

Dei Dickens-seriane er koselege!! Har sett dei i jula når dei har gått på tv :) Men ikkje dumt å kjøpa dei! Høyrest ut som fine tradisjonar de har:) Eg gler meg til det å ta det med ro eg. Alle pakker kjøpt osv;)